Nei, breane veks ikkje i år heller. Breforskaren er skuffa

SNØFALL: Snømengda i høgfjellet og indre deler av fylket er mindre enn normalen. Grovabreen i Jølster som dette bildet er frå, har derimot fått litt meir enn normalt.

SNØFALL: Snømengda i høgfjellet og indre deler av fylket er mindre enn normalen. Grovabreen i Jølster som dette bildet er frå, har derimot fått litt meir enn normalt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Snøen har lava ned rundt oss, og skisentera jublar. Men trudde du at det også er eit godt år for breane våre, så blir du skuffa.

DEL

Skuffa er også breforskar Atle Nesje ved Universitetet i Bergen etter å ha studert Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine snødata over Vestlandet.

– Det har vore kaldt og komme mykje snø i låglandet. Eg er skuffa over at det ikkje har komme meir høgt til fjells, konstaterer han til Firda.

På breane, i høgfjellet og i fjellområda i indre deler av fylket, er snømengda berre mellom 50 og 90 prosent av eit normalår. I låglandet er den derimot 300 prosent av normalen, konstaterer Nesje.

Kald sommar kan hjelpe

Fleire brear på Vestlandet har trekte seg fleire hundre meter tilbake sidan tusenårsskiftet, til stor bekymring for turistnæringa. Breforskar Nesje håpa og trudde at Briksdalsbreen, Nigardsbreen og dei andre breane i fylket la på seg denne vinteren. Men slik snøbildet ser ut, vil dei berre halde fram å minke, trur Nesje.

– Det einaste vi kan håpe på, er ein kald sommar, slik at snøen som kjem, ikkje smeltar vekk.

På NVE sine snødata-kart har Jostedalsbreen berre nokre få mørkeblå felt som betyr snødjupe over fire meter. På størstedelen av breen ligg snødjupna mellom to og fire meter. Det same er tilfelle på Ålfotbreen og Briksdalsbreen. Deler av sistnemnde har snødjupne under to meter.

Derimot har Grovabreen fått mykje snø, over fire meter.

Mykje snø i midtre og ytre

I ytre deler av fylket, i Førde-området og innover mot Jølster og Gloppen ligg snømengda enkelte stader meir enn 300 prosent over normalen og for ein stor del mellom 200 og 300 prosent over normalen. I indre deler ligg den godt under normalen.

– Så førebels er det ikkje mykje snø til fjells, den er mest på vestsida, konstaterer Nesje som også registrerte dette då han var på Strynefjellet i påska.

– Og snøen som var der, var laus som sukker og veldig ròten når ein kom 20 cm ned. Så når varmen kjem, vil den forsvinne ganske fort. Slik er ikkje mykje å legge på seg av, seier Nesje.

På ski gjekk det greitt å gå i løypene, men så straks du kom utanfor, så gjekk stavane gjennom snølaga og heilt i botn, fortel han.

10–12 meter på 1990-talet

Skal breane legge på seg, må det uansett blir fleire gode snøår. Som på 1990-talet då det snødde enormt.

– Det kom opp i 10–12 meter med snø. Det var mildt og nedbørsrikt og breane rykte framfor. Då vaks både Briksdalsbreen og alle dei andre breane på Vestlandet, minnest Atle Nesje.

Artikkeltags