Kraftige regnbyer og torevêr

No snur vêret. Meteorologisk institutt har send ut farevarsel.

DEL

Tysdag ettermiddag er det venta lokalt kraftige regnbyer med torevêr på Vestlandet.

Medan det framleis var opphald i Odda tysdag ettermiddag klokka 14, viser videoen over at uvêret alt var komen til Skarsmo.

I Indre Hardanger er det meld om torevêr mellom klokka 14 og 18, og opp til 7,7 millimeter nedbør.

– Sjekk vegmeldingar, tilpass farta og køyr etter forholda, melder yr.no.

Regnet vil halde fram utover kvelden, og onsdag er det også meld overskya og regnbyer. Frå torsdag er det opphald og sol, med temperaturar frå 15–25 grader.

Artikkeltags