No kjem sprengkulda: – Det blir veldig kaldt!

KALDT: Vind frå aust tar med seg kulde og gir oss ei kald veke.

KALDT: Vind frå aust tar med seg kulde og gir oss ei kald veke. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Kle dykk godt! er oppfordringa frå meteorologen til folk i fylket.

DEL

Etter ei vinterferieveke med strålande vêr, og fine temperaturar, blir det eit aldri så lite vêromslag denne veka. I Odda er det meldt rundt 13 minusgrader onsdag og torsdag.

– Det blir veldig kaldt denne veka, seier meteorolog Lars Andreas Selberg til avisa Firda.

Russarkulde

Grunnen til at det blir såpass kjølig er at vinden tar med seg kalde luftmassar frå aust. 

– Det kjem kulde frå Sibir-området, og det kjem vi til å merke godt, seier meteorologen.

Tysdag er det venta litt vind, og det kan komme opp i stiv kuling utsette plassar i fjellet.

– Eg vil ikkje anbefale å vere på fjelltoppar då, når det er såpass kaldt og stiv kuling i tillegg. Då skal du i så fall kle deg godt.

Mykje sol

Elles er det lite vind å snakke om, og sjølv om det blir kaldt, blir det fint:

– Stort sett sol. Tysdag, onsdag og torsdag ser ut til å bli dei beste dagane. Det er omtrent ikkje nedbør å skimte, men mot helga ser det ut til at det kan komme litt meir skyer.

I kuldeholer i indre strøk kan temperaturane falle heilt ned i minus 20 grader onsdag og torsdag. Men heldigvis har sola begynt å hete litt.

– Den vil varme opp ganske mykje på dagtid. Det blir ikkje fullt så ille som det kunne vore om det hadde skjedd i desember og januar, seier Selberg, og legg til:

– Det blir kaldt, vinterleg og fint.

Artikkeltags