Kokevarsel på Eitrheim

Det er oppdaga E.colibakterie frå høgdebassenget på Eitrheim.

DEL

Odda kommune skriv på sine heimesider at det er påbod om koking av vatn på Eitrheim inntil vidare.

- Det er oppdage E. colibakterie frå høgdebassenget på Eitrheim. Med bakgrunn i dette vert det koking av vatnet inntil vidare.

Det skal bli tatt nye prøver i dag og på mandag, skriv dei.

Kommunen legg til dette:

- Alt vatn som skal brukast til mat og drikke må få eit oppkok. Vatnet bør fosskoka i 1 minutt. Oppkok med vasskokar skal vera tilstrekkeleg.

Artikkeltags