No kan du førehandsstemme til valet

Valansvarleg: Turid Olsen Nå ved stemmeurna på biblioteket i Odda.

Valansvarleg: Turid Olsen Nå ved stemmeurna på biblioteket i Odda. Foto:

Av

Måndag opna førehandsrøystinga til kommunestyre- og fylkestingsvalet. Den varer til og med 6. september, før valdagen måndag 9. september.

DEL

Under førehandsrøystinga kan ein stemme kvar som helst, ikkje berre i kommunen der ein er folkeregistrert. På valdagen 9. september må ein stemme i kommunen ein er manntalsført i, altså der ein var registrert som busett 30. juni i år.

Dei siste åra har det vore ein vekst i førehandstemming. Under kommune- og fylkestingsvalet i 2015 nytta 24 prosent, som svarer til 585.250 veljarar, seg av moglegheita til å stemme på førehand.

I 2017 vart det for første gong registrert over éin million førehandsstemmer, då 36 prosent av alle som stemte gjorde det på førehand.

Veljarar busett i kommunar eller fylke som er omfatta av kommune- og regionsreforma skal i år velje representantar til kommunestyre og fylkesting i den nye kommunen eller det nye fylket. I 18 kommunar blir det gjorde òg forsøk med digitale valkort.

Det har allereie vore mogleg å tidlegstemme sidan 1. juli. Tidlegstemmegjevinga er til for dei som ikkje har moglegheit til verken å førehandsstemme eller møte opp på valdagen 9. september.

Nokre kommunar har likevel to valdagar. Då kan veljarane òg stemme søndag 8. september.

Artikkeltags