Problem med propellen ute på fjorden

Ferja var ute på fjorden då propellen fekk problem.

Ferja var ute på fjorden då propellen fekk problem. Foto:

Kapteinen takka tolmodige passasjerar etter at det oppstod tekniske problem på MF «Utne».

DEL

- Det er tekniske problem med den eine propellen.  MF «Utne» har ein propell i kvar ende, og kom seg til kai. Det er ikkje lett når det bles, seier regionsjef Inge Andre Utåker i Norled.

Det var søndag kveld at ferja som går mellom Utne og Kvandal fekk problem.  Utåker veit ikkje kor mange passasjerar som var om bord då propellen fekk problem.

- Det skjedde då ein var under vegs, med passasjerar. Vi veit ikkje årsaka, og startar feilsøkinga no, opplyser Utåker til Hardanger Folkeblad.

Han veit ikkje kor forseinka ferja vart grunna utfordringane, men legg til at kapteinen takka tolmodige passasjerar.  Rute B vert innstilt inntil vidare.

Tysdag melder Norled på sine heimesider at «Rute 2 er innstilt inntil videre, årsak er tekniske problemer.»

Artikkeltags