Rykte ut til motorsykkelulykke i tunnel

Ein motorsykkel hamna i fjellveggen i Hordatunnelen tysdag ettermiddag. Det skal ha gått bra med sjåføren.

DEL

– Det var ein motorsykkel som skal ha køyrt på ein gjenstand i vegbanen, noko som førte til at han hamna i fjellveggen inne i tunnelen, opplyser politibetjent Arne Olsen ved Hardanger lensmannsdistrikt.

Sjåføren vart ikkje alvorleg skadd, men vart sjekka av helsepersonell.

– Naudetatane rykte ut til staden. Det gjekk heldigvis bra, seier Olsen.

Artikkeltags