Trafikkulykke på Hildal

Ulykke mellom MC og bil ved Hildal Camping.

Ulykke mellom MC og bil ved Hildal Camping. Foto:

Ein motorsykkel og ein personbil kolliderte ved Hildal camping torsdag ettermiddag.

DEL

Ulykka skal ha skjedd ved ei forbikøyring.

Føraren av motorsykkelen vart frakta til Odda sjukehus. Han var bevisst, men hadde smertar i armar og bein.

Politiet var innom MC-føraren på sjukehuset og snakka med den 22 år gamle mannen. Det vart utført promilletest, utan utslag.

Det vil bli gjort avhøyr ved seinare anledning.

Ulykka skjedde rett før klokka 15 torsdag ettermiddag.

Politiet melde då at ulykka skjedde ved Hildal camping.

Politiet fekk melding om ulykka ti over halv tre.

– Ulykka skjedde i krysset inn til Hildal camping, skreiv dei på Twitter.

Det er 80-sone på staden.

– MC-førar er skadd, men medviten. Politi og ambulanse er på staden, melde Vest politidistrikt vidare.

Vegtrafikksentralen melde at det var redusert framkomst på riksveg 13 ved Hildal på grunn av ulykka.

Artikkeltags