- Det vert ei delt rolle

Cato underhaug

Cato underhaug

DEL

Personvernombod i Ullensvang:Cato Underhaug er tilsett som personvernombod (PVO) i Ullensvang kommune i 50 prosent stilling. Han har bakgrunn frå bank og finans i Bergen og har dei siste åra arbeidd med økonomi for Jondal kommune.

PVO vil bidra til at Ullensvang kommune etterlever dei juridiske krava til korleis personopplysningar skal bli handsama og kontrollerte. Ny personvernlovgiving tredde i kraft i mai 2018 og krava for å handsama slike opplysningar vart då ytterlegare innskjerpa.

«Ullensvang kommune har ei rekkje oppgåver og skal levera ei rekkje tenester. Uavhengig av format og innhald, vil all informasjon på eit eller anna tidspunkt verta handsama elektronisk. PVO skal òg vera bindeledd mellom kommunen og den registrerte i spørsmål om den registrerte sine rettar. PVO vil medverka og vera ein ressurs slik at Ullensvang kommune syter for at tilsette og innbyggjarar sine personopplysningar vert handsama på rett måte», melder kommunane. – Eg skal vera der både for tilsette og innbyggjarane, det vert ei delt rolle, seier Underhaug til HF.

Han starta i jobben 1. september, og har brukt tida fram mot no til å oppdatera seg på fagfeltet og er no klar for å svara på spørsmål.

Artikkeltags