Nynorskstipend for appar

stipend: Geir Petter Larsen vart tildelt Noregs Mållag sitt nynorskstipend under landsmøtet fredag. av leiar Marit Aakre Tennø

stipend: Geir Petter Larsen vart tildelt Noregs Mållag sitt nynorskstipend under landsmøtet fredag. av leiar Marit Aakre Tennø Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Geir Petter Larsen frå Lofthus vart i går tildelt Noregs Mållag sitt nynorskstipend for sitt arbeid for at born og unge skal møte og læra nynorsk på nye arenaer.

DEL

Larsen har gjennom fleire år utvikla språkopplæringsappar, mellom anna på nynorsk og samarbeidd med Fagbokforlaget om distribusjon. Han har og utvikla prosjektet «Nynorskløftet 2016, kortreist og nynorsk». Det går ut på å produsera nynorske versjonar av fire ulike pedagogiske appar og gjera dei tilgjengelege for sal.

- Appane legg opp til at brukarane får språktrening gjennom spanande oppgåvar. I ein kvardag der fleire og fleire ynskjer av læringsverktøya i skulen er digitale, og der me elles nyttar mykje tid på mobiltelefon, netbrett og liknande, er det viktig at nynorsken heng med på denne utviklinga, sa leiar i mållaget, Marit Aakre Tennø, under tildelinga.

Mållaget peikar på at det er stort behov for pedagogisk programvare på nynorsk og at det er særskilt viktig at born møter språket sitt på ein engasjerande måte som fremjar lærelyst.

Dei ser Larsen sitt arbeid som eit lyft for nynorsken og trur at han med stipendet på 50 000 kroner kan halda fram med å bidra til å styrkja språkkjensla til born og unge - og slik tilgjengeleggjera nynorsken på nye område.

Mållaget deler ut to slike stipend årleg, i likestillinga sitt namn går eitt til ein mann og eitt til ei kvinne.

- Det er veldig kjekt å få dette stipendet, ikkje minst er det ei anerkjenning av prosjektet mitt, seier Geir Petter Larsen.

Artikkeltags