Hit kjem det hjartestartar

Grannabryggjo: Grannalaget meiner hjartestartaren bør vera nær brygga og badestranda på Sekse.

Grannabryggjo: Grannalaget meiner hjartestartaren bør vera nær brygga og badestranda på Sekse. Foto:

Indre Austsio Grannalag er nøgde med at dei endeleg har fått hjartestartar.

DEL

– Me takkar Sparebanken Vest for denne flotte gåva. Me vil no starta ein prosess med kor me skal plassera startaren, melder Indre Austsio Grannalag på sine heimesider.

Dei ber no om innspel til kvar hjartestartaren bør plasserast, men ser for seg at den bør vera i nærleiken av Sekse barnehage, Grannatun og båthamna.

Dei har alt fått tak i ein person som skal finna ut korleis hjartestartaren bør monterast og beskyttast.

Gåva er gitt i samband med «Almennnyttige midlar» frå banken i tildelingsåret 2019.


Artikkeltags