Tilbake i HF-spaltene

Sommarjobb: Eirin Tjoflot er også i år sommarvikar i Hardanger Folkeblad.

Sommarjobb: Eirin Tjoflot er også i år sommarvikar i Hardanger Folkeblad.

Artikkelen er over 3 år gammel

For andre år på rad er Eirin Tjoflot frå Hovland årets sommarvikar i Hardanger Folkeblad-redaksjonen.

DEL

– Eg har gledd meg til å komme tilbake til Hardanger Folkeblad. Dette er den kjekkaste sommarjobben eg har hatt, seier 22-åringen.

Eirin tek no lærar- utdanning i Bergen. Denne veka starta ho i sommarjobben, og skal jobbe i redaksjonen i seks veker.

– Kva synest du er det beste med denne jobben?

– Eg er glad i å skrive og å snakke med folk. Då blir det å vere journalist ein god kombinasjon. I tillegg set eg stor pris på å få vere så sjølvstendig når det gjeld kva saker og tema eg vil skrive om. Og så er det kjekke kollegaer, seier ho.

Folkelokk

Tjoflot er mellom anna kjend frå Folkelokk, og har kultur som sitt største interesseområde, også i sommarjobben.

– Men eg er samfunnsengasjert og likar godt å skrive om det meste, fortel ho.

Les og: Samling for danseglade i alle aldrar

Ei av utfordringane i jobben er å fange opp alt det interessante som skjer ute i distriktet.

– Det er mykje kjekt som skjer, men vanskelig å plukke opp alt på eigenhand. Så eg vil veldig gjerne ha tips til saker, seier ho.

Om du har tips til Eirin i sommar kan du ta kontakt på telefon: 954 71 435, eller epost: eirin@hardanger-folkeblad.no.

Artikkeltags