Folk strøymer til Lofthus og Morellfestivalen: - Utruleg flott her med dette vêret

27. juli 2019, kl. 17:35

To lange og innahaldsrike festivaldagar torsdag og fredag stoppa ikkje folk frå å ta turen på ny laurdag føremiddag. I flott vêr kosa både store og små seg. Vi prata med nokon av dei som hadde tatt turen på festivalområdet laurdag føremiddag. Det er 24. gong Morellfestivalen vert arrangert i år.