– Stor slitasje på terrenget langs stien

Skal utbetrast: Dronningstien. Foto: Eli Lund

Skal utbetrast: Dronningstien. Foto: Eli Lund

Ullensvang herad gjev Lion Club Ullensvang eit tilskot på 8 000 til opprusting av Dronningstien. Tilskotet vert finansiert via kulturbudsjettet.

DEL

Lion Club Ullensvang har søkt næringsdrivande i Ullensvang aust om midlar til utbetring av Dronningstien. Dei søkjer òg om 8 000 kroner frå Ullensvang herad.

Sakshandsamar i heradet skriv at trafikken på Dronningstien har auka meir enn ein såg føre seg, og bruken har medført slitasje på terrenget. Lion Club Ullensvang ynskjer å gjera utbetringsarbeidet, men treng midlar for å gjennomføra dette. Heradet vurderer at Dronningstien er viktig både for lokalbefolkninga og for turismen i Ullensvang herad og viser til at turisme vert eit av satsingsområda i åra framover.

«Saman med Trolltunga i Odda kommune er Dronningstien ein tur som trekker til seg turistar som ynskjer aktivitet. Dette skapar igjen auka inntekter for turist- og næringsverksemder i området. Samtidig er det viktig å sørga for at den auka bruken kan skje på ein forsvarleg måte».

Ullensvang herad er glad for det initiativet som Lion Club Ullensvang har kome med.

Lions meiner partiet frå Heng til Ulvskjeft treng utbetring. Det må leggjast gangbruer over utsette område.

Artikkeltags