Fruktbønder kan få erstatning for frostskadar

Fruktbløming i Hardanger.
(Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK)

Fruktbløming i Hardanger. (Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK) Foto:

Av

Fruktbønder som har fått problem på grunn av nattefrost, blir no oppmoda om å søkja erstatning.

DEL

Landbruksdirektoratet minner om at den same ordninga som hjelpte mange bønder under tørkesommaren i fjor, også gjeld for andre klimaskadar. Direktoratet oppmodar no bønder som opplever frostskadar, om å dokumentera skaden og kontakta kommunen sin så raskt som mogleg.

– Det aller viktigaste for dei det gjeld no er å dokumentera skaden og omfanget, seier seksjonssjef Kai Terje Dretvik i Landbruksdirektoratet.

For å få erstatning er det likevel sett visse krav. Søkjarane må mellom anna ha rett på produksjonstilskot i landbruket. Svikten i produksjonen må dessutan vera på meir enn 30 prosent målt opp mot gjennomsnittsproduksjonen. Det er også eit krav at det ikkje er mogleg å forsikra seg mot avlingsskaden gjennom privat forsikring. Bøndene har dessutan plikt til å avgrensa avlingstapet så langt er der mogleg, opplyser direktoratet på eigne nettsider.

Artikkeltags