Gå til sidens hovedinnhold

Marta får pris for drifta av den bratte garden

Artikkelen er over 2 år gammel

– Årets kulturlandskapspris går til fruktbøndene Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang, melder landbruksdirektør Åse Vaag i ei pressemelding.

Kulturlandskapsprisen har ulikt tema for kvart år. Årets tema er bratt areal og andre driftsvanskar, og juryen var samrøystes om vinnarane.

Fylkesmann Lars Sponheim tok sjølv turen for å dela ut prisen tysdag.

Bildeserie

Her vert dei hylla for drifta av den bratte garden

 

Dette skriv juryen om vinnarane:

Alt dyrka areal på garden er bratt, og mesteparten har brattare helling enn 1:3. Brukarane legg ned mykje arbeid i produksjon av kvalitetsfrukt i dei bratte bakkane. Driftsvanskane er større enn på mange andre fruktbruk, med mykje manuelt arbeid, mellom anna med plantevern, slått mellom trea og i samband med innhaustinga. Heile familien har bidrege, i tillegg til innleigd arbeidskraft. Det er ikkje rom for å hente ut stordriftsfordelar på eit slikt arbeidskrevjande bruk. Dei har gjort mange tiltak med dyrking og planting for å få drifta mindre tungdrive enn tidlegare. Dei knappe areala blir utnytta best mogleg.

Den aktive satsinga deira for å ta vare på og vidareutvikle fruktdyrkinga på den bratte garden har gjort det mogleg å halde fram med drifta. Dei har lagt eit solid grunnlag for at det kan vere mogleg med fruktdyrking her også i framtida. Frukthagane i drift er viktige for kulturlandskapet og opplevinga av eit fjordlandskapet med mykje aktivitet og store kontrastar. Dei bratte areala er gjerne ekstra godt synlege i landskapet. Dei siste åra har Marta og Mekjell òg begynt med utleigebustad til turistar, som set stor pris på ramma som den aktive gardsdrifta gir.
Både frukthagar og tun er velstelte. Dei tek òg vare på dei gamle husa på garden, mellom anna eit tørkehus frå tidleg 1800-tal og løa der delar av bygninga er frå slutten av 1800-talet. Dei har òg ein gamal hage med historiske pæresortar
 

Kommentarer til denne saken