Her er det rimleg overnatting

Nytt naust: Ved Nedre Krokavatn, på Hardangervidda, har Ullensvang fjellstyre bygd nytt naust. Her er det fire sengeplassar.

Nytt naust: Ved Nedre Krokavatn, på Hardangervidda, har Ullensvang fjellstyre bygd nytt naust. Her er det fire sengeplassar. Foto:

Om ein vil ha rimeleg ferie på Hardangervidda, bør ein vurdera fjellstyra sine tilbod.

DEL

Hardangervidda:– Hytta ved Holmavatnet tilhøyrer Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning. Det er den hytta som er lettast tilgjengeleg i heile statsallmenningen, seier Steinar Langesæter.

Han er leiar i Ullensvang fjellstyre, som har seks hytter på Hardangervidda. Desse vert leigde ut via salsportalen Scanatura.

– Me leiger ut heile hytta i sommarvekene. I jakta kan ein leige enkeltsenger, forklarar sekretær Steinar Lund.

Hytta ved Holmavatnet kan til dømes vera eit stopp om ein går frå Valldalen til Raudåna, der fjellstyret leiger ut to husvære. Odda fjellstyre har Belebu, som ligg like ved.

– Det er solcellepanel i Ullsbu, naustet og hovudhytta på Raudåna. Her er det og ladepunkt for usb og 12v-billadar, legg Lund til.

Når ein har booka ei hytte får ein tilsendt ein e-post med koden til nøkkelboksen, der nøkkelen til hytta ligg. Sekretæren opplyser at det framleis er ledig kapasitet i sommar.

«Sjølv om det er utleigd på enkelte av hyttene dei mest aktuelle vekene, så er det ledig kapasitet på ei eller fleire av hyttene i heile sommar. Til dømes på Raudåna, der det er to deler i hovudhytta + oppsynshytta, er det ledig kapasitet i heile sommar», opplyser Lund.

I vinter vart også det nye naustet ved Nedre Krokavatn gjort ferdig, og her er det fire sengeplassar. Dette ligg like ved Hansbu, der fjellstyret også har bygd ny do.

Ny utedo: I Hansbu har Ullensvang fjellstyre bygd ny do, og andre hytteeigarar har betalt ein sum for å få tilgang.

Ny utedo: I Hansbu har Ullensvang fjellstyre bygd ny do, og andre hytteeigarar har betalt ein sum for å få tilgang. Foto:

– Det har vore trasige sanitærforhold der, og no er det sett opp eit nytt dobygg i samarbeid med alle hytteeigarane. Det var ferdig på vårparten og vil vera til glede for mange, kommenterer Langesæter.

Fjellstyret vil eiga og drifta bygget, og alle hytteeigarane har kjøpt ein bruksrett. I Hansbu har fjellstyret sjølve hytta Ullsbu og steinbua Rogdabu.

– Det er ei bu som rogdingane tidlegare hadde, og som står open året rundt. Den er for alle, men om nokon har tinga har dei forretten, forklarar formannen.

Han legg til at det vert sett pris på at dei som nyttar steinbua noterer namn, slik at ein kan få inn nokre kroner for overnatting, ved og gass.

I Grøndalen var det tidlegare ein lavvo som stod open, men denne vart øydelagt av vêr og vind i fjor og vert førebels ikkje erstatta då helikoptertransport er dyrt.

Artikkeltags