Store skilnadar lokalt

Inntektene frå årets TV-aksjon går til organisasjonen CARE, og deira arbeid med å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. Else Marie Sandal på Espe i Ullensvang

Inntektene frå årets TV-aksjon går til organisasjonen CARE, og deira arbeid med å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. Else Marie Sandal på Espe i Ullensvang Foto:

Søndag kveld hadde innbyggjarane i Ullensvang gitt 171 665 kroner til TV-aksjonen. Oddingane samla inn over 319 892 kroner, men Eidfjord ligg som vanleg på topp i fylket. Det gjere og Jondal.

DEL

Klokka 22.30 søndag kveld var det kome inn 132 212,- kroner til TV-aksjonen frå Ullensvang herad. Dette inkluderer mellom anna 22 122,- frå Kinsarvik skule.

Måndag hadde dette talet auka til 171 665 kroner.

Her kan du sjekka resultata frå din kommune.

Mikkeparken har gitt 16 000 kroner, Ullensvang herad 15 000 kroner og Hardangerrådet kr. 10 000. I tillegg er det registrert over 8000 kroner i gåve til minne om Berit Marie Haustveit.

Sett saman med innbyggjartalet gjere dette at Ullensvang, i skrivande stund, er på 18.-plass av totalt 33 kommunar i fylket. Odda har 20.-plass av totalt 33 kommunar i Hordaland.

Frå Odda var det måndag morgon registrert 319 892 kroner.

Frå Jondal var det måndag kome inn 95 329 kroner. Fordelt på innbyggjarar hamnar dei med dette på tredjeplass i fylket.

Innbyggjarane i Eidfjord er tradisjonen tru gåvmilde. Klokka 20.40 var det registrert 134 582 kroner, og fordelt på innbyggjarar gjere dette at det hamnar på andreplass av totalt 33 kommunar i fylket.

Mellom anna har Lægreid skule samla inn over 43.000 og kommunen har gitt 30.000 kroner til aksjonen.

Artikkeltags