Bilbrann på Sekse

Illustrasjonsfoto frå ein liknande bilbrann.

Illustrasjonsfoto frå ein liknande bilbrann. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Både brannvesen og politi rykka ut då det kom melding om brann i ein bil på Sekse måndag kveld. Det var ikkje fyr i heile bilen, og hendinga skal ikkje ha vore dramatisk.

– Det var truleg knytt til det elektriske anlegget. Det ser ut til at det starta i dashbordet, og førte til røykutvikling, opplyser politibetjent Vidar Litle-Kalsøy i Hardanger lensmannsdistrikt.

Det var dei som sat i bilen som oppdaga røykutviklinga. Dei kom seg ut og varsla sjølv naudetatane.

Artikkeltags