Han meiner kommunestyret bør ta betre omsyn til småbarnsforeldre

Henting: Erlend Bolstad meiner at kommunestyremøta bør leggast betre til rette for småbarnsforeldre. Foto: Sondre Lingås Haukedal

Henting: Erlend Bolstad meiner at kommunestyremøta bør leggast betre til rette for småbarnsforeldre. Foto: Sondre Lingås Haukedal

Erlend Bolstad (H) meiner kommunestyret i Ullensvang bør ta meir omsyn til småbarnsforeldre.

DEL

– Eg meiner at vi anten må starte møta våre tidlegare, ha fleire møter eller at vi som sit i kommunestyret må disiplinere oss, sa Bolstad.

Som vanleg var det under kommunestyremøtet førre onsdag representantar som søkte om permisjon for deler av møtet. I samband med ein slik søknad tok gruppeleiar Erlend Bolstad i Høgre ordet.

– Det er eit sterkt ønske om å ha småbarnsforeldre i politikken. Likevel er det slik at småbarnsforeldra blant oss ofte må søke om permisjon for og gå glipp av delar av møtet. Slik at dei rekk å hente barn i barnehagar og på skular. Når dei søker om permisjon kan det og sjå ut som dei er mindre engasjerte enn oss andre. Noko som er feil. Difor håpar eg at ein kan ta betre omsyn til representantar med omsorg for barn i framtida, sa han.

Artikkeltags