Planlagt innom Ullensvang - No kan sykkelrittet bli avlyst

Førre gang: Slik såg det ut førre gang regionen hadde sykkelstjerner på besøk. Arkivfoto: Synnøve Nyheim

Førre gang: Slik såg det ut førre gang regionen hadde sykkelstjerner på besøk. Arkivfoto: Synnøve Nyheim

Tour of Norway, som i 2020 var planlagt å ha målgang på ein etappen i Ullensvang, står no i fare for å bli avlyst, skriv TV 2.

DEL

Tour of Norway er eit av Skandinavias største sykkelritt for herrar. Forgjengaren Tour des Fjords har vore innom regionen fleire gongar.

HF har tidlegare skrive at sykkelrittet i haust søkte Vestland fylkeskommune om 500 000 kroner i støtte til 2020-utgåva av rittet. Den skal etter planen ha tre etappar i Vestland. Inkludert målgang i Kinsarvik/Ullensvang på første etappe.

Tysdag avslørte rittsjefen Roy Hegreberg til TV 2 at pengemangel kan føre til avlysing av 2020-utgåva.

– Vi veit kva som krevst, og per i dag har vi ikkje dekning for å kunne gjere det i 2020. Med dei signala vi har fått så langt, så ser vi at det ikkje kjem til å løyse seg. Då ser vi det som meir rett å avlyse 2020 og starte å fokusere mot 2021.


Artikkeltags