Har vaktar ute i uvêret

Opo: Odda kommunestyre ser etter flommen i oktober 2018, at elvesikringen av Opo som skulle tåle en 200-årsflom med 40 prosent klimapåslag på 880 kubikkmeter (kbm) i sekundet, fikk skader ved en flom på 418 kbm.arkivfoto: Eivind Dahle Sjåstad

DEL

– Farenivået for jordskred har auka til oransje nivå. Eg har hatt ein runde med naudetatane og energileverandørane i kommunane, seier Stig Hope.

Han er rådgjevar for samfunnstryggleik og beredskap i Ullensvang kommune, og opplyser at dei laurdag kveld har folk ute som følger med på bekkar og elvar.

Dei utfører rutinetiltak for å førebyggja uønskte hendingar.

– Me oppdaterer heimesida til Odda kommune, fortel Hope og legg til at også Hardanger Folkeblad vil halda innbyggjarane oppdaterte om situasjonen.

Hope har og vore i kontakt med Statens vegvesen som opplyser at det er vurdert å setja inn vakt ved Teigen på rv. 13 i natt.

Vegen er førebels open, men vart i fjor stengt grunna rasfare.

«Varselet forteller at dette ikke er harmløst. Faresignalet er alvorlig», seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga til Haugesunds Avis laurdag kveld.

På Vestlandet er det dei neste 24-timane venta ein stad mellom 60–100 mm nedbør enkelte plassar.

Artikkeltags