Dette skjer ikkje i Kinsarvik neste år, heller ingen annan plass i Sør-Norge

Avlyst: Slik såg det ut då Odda var målby for Tour des Fjords. Noko liknande skjer ikkje i Kinsarvik neste år, då Tour of Norway no er avlyst.

Avlyst: Slik såg det ut då Odda var målby for Tour des Fjords. Noko liknande skjer ikkje i Kinsarvik neste år, då Tour of Norway no er avlyst. Foto:

I haust skreiv HF at Ullensvang kommune kunne bli vertskap for førsteetappen av Tour of Norway 2020. No melder TV 2 at økonomiske problem set ein stoppar for sykkelfesten.

DEL

– Vi er sjølvsagt veldig skuffa. Dette er synd, seier rittdirektør Roy Hegreberg i Tour of Norway til TV 2 torsdag.

Tour of Norway skulle etter planen ha målgang i Kinsarvik/Ullensvang på første etappen neste år, før etappar mellom Norheimsund og Voss, og Flåm og Hallingdal.

I slutten av november kom nyheita om at rittet mangla seks millionar kroner for å kunne gjennomføre 2020-utgåva. Torsdag stadfesta rittdirektøren til TV 2 at rittet blir avlyst.

Det er sett av 25 millionar kroner til internasjonale sykkelritt i Norge. Av desse er 15 øyremerka til Arctic Race og Norway, medan resten skal delast mellom Tour of Norway, Hammer Stavanger og Ladies Tour of Norway. TV2 skriv at signala frå offentleg hald tyder på at Ladies Tour of Norway vil få ein betydeleg del av den potten.

No forsvinn Tour of Norway ut av rekneskapen for 2020. Hammer Stavanger, som har same arrangør, skal gå som planlagt.

– No vil vi fokusere 100 prosent på Tour of Norway i 2021 for å få realisert det, seier Hegreberg til TV 2.

Planlagt innom Ullensvang - No kan sykkelrittet bli avlyst

Artikkeltags