Herverk og trafikkuhell, men elles ei roleg nyttårsaftan

DEL

Det var eit trafikkuhell ved fotballstadion på Eide på ettermiddagen tysdag 31. desember.

- Nokre skilt vart køyrd ned, fortel politibetjent Petter Hammer ved Hardanger lensmannskontor, som vidare opplyser at det ikkje vart oppretta sak på tilhøvet.

Vidare kom det meldingar om innbrot i nokre køyretøy i Odda sentrum, som politiet var ute og undersøkte.

På kvelden var det ein del fyrverkeri i sentrum. Politiet tok ein prat med dei som fyrte det opp, og tok fyrverkeriet deira.

Natt til 1. januar kom det melding om herverk på eit hus i Røldal. Det vert oppretta sak frå politiet si side.

- Elles var det mykje folk ute i helga, men dei fleste oppførte seg. Det er bra, avsluttar Hammer.

Artikkeltags