«Kommunesamanslåing, kva så?»

I panelet: Roald Aga Haug (Ap), Solfrid Borge (Sp) og Jon Larsgard (Sp) under eit tidlegare arrangement i regi av Senioruniversitetet.arkivfoto: Ernst Olsen

I panelet: Roald Aga Haug (Ap), Solfrid Borge (Sp) og Jon Larsgard (Sp) under eit tidlegare arrangement i regi av Senioruniversitetet.arkivfoto: Ernst Olsen

Artikkelen er over 1 år gammel

Senioruniversitetet (SU) inviterer torsdag ordførarane i Odda, Ullensvang og Jondal til dialogmøte på Meieriet.

DEL

Dialogmøte på Meieriet i Odda:Dei tre noverande ordførarane vil mellom anna diskutera korleis alderdom og framtid kan verta i den nye kommunen.

«Me trur mange, både SU-medlemer og andre innbyggjarar, er interesserte i å få vita litt om korleis vår felles framtid kan verta. Derfor har Senioruniversitetet invitert dei tre noverande ordførarane med på oktobermøtet på torsdag denne veka», skriv Senioruniversitetet i ei pressemelding.

SU viser til Ullensvang kommune si heimeside, der det vert sagt at kommunesamanslåinga skal vera eit prosjekt der openheit og forankring i organisasjonane og hjå innbyggarane er viktig. Nokre av tema under dialogmøtet vert mellom anna kva arbeid som no går føre seg i dei ulike arbeidsgruppene – samt korleis ein kan påverka både som seniorar, enkeltindivid og interessegrupper.

«Ein kan sjølvsagt ikkje kome innom alle politiske tema på eit møte. Men på dette SU-møte ønskjer me fokus på det som er mest relevant for oss som er innbyggjarane. I denne samanheng sjølvsagt oss eldre, men og korleis etterkomarane våre vil få det, og korleis unge tiltrekkjast å flytta hit er viktig», står det i pressemeldinga.

Ordførarane vil også diskutera Odda by sin posisjon som kommunesenter. Eit av spørsmåla her vil vera korleis Odda kan utvikla seg slik at alle innbyggarane i den nye kommunen føler tilhøyrsel til byen og kommunesenteret.

«Kva vil vera lett, kva vil vera vanskeleg å få til i samanslåinga? Korleis kan me vera aktive deltakarar?». Ordførarane Roald Aga Haug, Solfrid Borge og Jon Larsgard vil koma med sine synspunkt torsdag føremiddag.

Artikkeltags