Jondahl er tilsett som rådmann for storkommunen

Tilsett: Ole-Jørgen Jondahl er tilsett som rådmann for den nye kommunen.

Tilsett: Ole-Jørgen Jondahl er tilsett som rådmann for den nye kommunen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fellesnemnda for den nye kommunen vedtok tysdag samrøystes å tilsetta Ole-Jørgen Jondahl som prosjektleiar/rådmann for skipinga av Ullensvang kommune.

DEL

Jondahl, som i dag er rådmann i Odda kommune, begynner i stillinga 1. august. Det skriv Ullensvang kommune på sine nettsider.

Odda kommune, Ullensvang herad og Jondal kommune blir slått saman til Ullensvang kommune frå 1. januar 2020. I dag blir prosjektarbeidet for å etablera den nye kommunen leia av Ingjerd Astad, hyra inn som midlertidig prosjektleiar for å halda prosessen i gang.

Då Jondahl vart innstilt til jobben av tilsetjingskomiteen kom han med denne kommentaren til HF:

– Eg er svært glad for at tilsetjingsutvalet har tillit til meg, og innstilt meg til jobben som prosjektleiar/rådmann i Ullensvang kommune. Denne jobben er utfordrande og krevjande, eg er audmjuk for dei oppgåvene som ventar. Eg vil nytta erfaringa mi og kompetansen min i lagspel med leiarar, tillitsvalde, fellesnemnda og dei tre kommunane for å realisera måla som er satt i intensjonsavtalen og styringsdokumenta.

Artikkeltags