Han blir HR-sjef i Ullensvang kommune

Eivind Gregersen

Eivind Gregersen Foto:

Eivind Gregersen har takka ja til stillinga.

DEL

I juli lyste nye Ullensvang kommune ut ei prosjektstilling HR for samanslåinga av Ullensvang kommune.

– Det var ni gode søkarar til stillinga, noko tilsetjingsutvalet var veldig nøgd med. Tilsetjingsutvalet som består av tre tillitsvalde og prosjektleiar valde ut kandidatar som vart kalla inn til intervju. Intervjurunde er gjennomført no dei to siste vekene, skriv Ullensvang kommune på sine heimesider.

Eivind Gregersen, som er kommunalsjef for HR i Ullensvang herad, har no fått tilbod om stillinga, og takka munnleg ja.

– Me gratulerer Eivind Gregersen med stilling i Ullensvang kommune, skriv kommunen på sine heimesider.

Artikkeltags