Har tru på god rypejakt

Rype

Rype

Det er observert bra med rypa i Ullensvang statsallmenning i år. Truleg vert det jakt både der og i Eidfjord til hausten.

DEL

«Det har blitt observert bra med fugl utover vinteren og våren i år, og man har tro på at det kan bli bra jakt også i år. Det er en dagskvote på tre ryper per jeger per dag og ingen restriksjonar på bruk av hund», heiter det i Ryperapporten våren 2019.

Dei har vore i kontakt med fleire fjellstyre, og summerer at det ser bra ut for rypejegerane som vil jakta i Ullensvang statsallmenning.

Etter fleire år med freding, grunna få ryper, vart det opna for jakt i området i fjor.

Stamfuglbestanden ser bra ut i Eidfjord, og jakta i fjor gjekk greitt. Det vil vera taksering i starten av august, og denne avgjere om det vert rypejakt der.

«Smågnageråret i 2018 gav stor produksjon av rødrev og sikkert annet rovvilt. Det er forventet en nedgang i rypebestanden i 2019», heiter det i rapporten.

Vidare vert det vist til at den tidlege våren og sommaren i 2018 førte til tidleg utvikling av kull og lirypa flokka seg tidleg. Jegerar har alt fått tilbod med atterhald om at det blir opna for jakt i Eidfjord.

Også i Ulvik statsallmenning, som opna for jakt att etter freding i 2018, er det sett bra med fugl i vinter og på forsommaren.

Artikkeltags