Trafikkulykke i Odda

Trafikken frå Odda-sida blir dirigert ved Freim/Ragde-krysset. Ulykka skjedde 2-300 meter nord for krysset.

Trafikken frå Odda-sida blir dirigert ved Freim/Ragde-krysset. Ulykka skjedde 2-300 meter nord for krysset. Foto:

Fire personar er køyrd til legevakt etter ei trafikkulukke på rv. 13 i Odda.

DEL

To barn og to vaksne blir køyrd til legevakt for sjekk, etter ei trafikkulukke på rv. 13 i Odda, melder Vest politidistrikt.

Bilen dei fire sat i skal ha køyrt i fjellveggen på rv. 13 i Odda. Skadeomfanget er foreløpig ukjend.

Trafikken blir dirigert forbi ulykkesstaden.

Bjarte Rebnord, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, opplyser at ulykka skjedde nokre hundre meter frå Freim/Ragde-krysset.

- No heldt dei på å rydda og undersøka på staden, seier han til HF kvart på tre søndag.

Rebnord seier dei fire i bilen kom seg ganske kjapt ut, og at dei framstod som våkne og medvitne då dei blei køyrd med ambulanse til Odda legevakt.

Artikkeltags