Bil mot motorsykkel

DEL

Klokka 14.40 fredag fekk Hardanger lensmannskontor melding om at ein bil skal ha treft ein motorsykkel på rv. 13 i Tyssedal.  Hendinga skal ha skjedd nær utgangen av Tyssedalstunnelen, i retning Skjeggedalsvegen.

Lensmann Terje Kvalvik opplyser at ein patrulje frå UP har rykka ut.  Også ambulansen køyrde ut, og sjåføren av motorsykkelen skal ha smerter i foten.

Artikkeltags