No kastar båten loss: Kjem til både Herand, Tyssedal og Lofthus

Epos: Her frå eit besøk i Tyssedal. arkivfoto: Eli Lund

Epos: Her frå eit besøk i Tyssedal. arkivfoto: Eli Lund

Bokbåten Epos kastar loss for vårtur i Hordaland 5. mars. Fram til 27. mars skal Epos innom femti stader.

DEL

13. og 14. mars er båten i Hardanger og skal desse dagane innom både Herand, Tyssedal, Nå, Grimo og Lofthus.

I tillegg til nye bøker og inspirerande lesetips, har båten med seg eige kulturprogram. På turen i den sørlege delen av Hordaland får publikum møte Sofie og Elena frå Sverige og Italia som leikar med det verbale og det musikalske språket.

Barna på nordturen får eit innblikk i norrøne og greske gudesegner med forteljar Marianne Stenerud og filosof Ingunaya Myhre. Programmet skal inspirere til undring og fantasi.

Det vert òg kulturelt påfyll for vaksne på båten. På Lunde kjem duoen Schlager og Kanari med populærmusikk frå 30- til 60-talet. Og på Glesvær kjem Smooth Operators som skal spele Bob Dylan.

Bokbåten har alltid vore godt besøkt og hatt stort utlån. Statistikken for 2018 stadfestar den gode oppslutninga. Både kulturprogramma og utlån av bøker hadde auke frå året før. Utlånet auka frå 9.400 i 2017 til 9.785 i 2018, og 4.510 menneske fekk med seg kulturprogramma i fjor mot 4.324 året før.

Hordaland fylkeskommune finansierer bokbåten i Hordaland. Drifta blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.

Artikkeltags