No kan det vere fleirtal for turistskatt

Illustrasjonsfoto: Turistar som reiste med MS Teisten til og frå Lofthus i sommar. No vil Visit Hardangerfjord undersøka korleis turistane beveger seg i regionen. foto: eli lund

Illustrasjonsfoto: Turistar som reiste med MS Teisten til og frå Lofthus i sommar. No vil Visit Hardangerfjord undersøka korleis turistane beveger seg i regionen. foto: eli lund

Av

Etter Ap-landsmøtet i helga kan det vere fleirtal på Stortinget for å innføre ei form for turistskatt. Virke Reiseliv håper dette blir følgt opp.

DEL

Arbeidarpartiets landsmøte i helga vedtok å opne for at kommunane kan ta inn reisemålsbidrag frå turistar og cruiseturistar som finansiering av lokale fellesgode.

Virke Reiseliv representerer over 1.200 verksemder innan kultur- og reiseliv. Organisasjonen forventar no at Arbeidarpartiet følgjer opp vedtaket sitt i Stortinget.

– Vi i Virke har jobba for dette og er svært fornøgd med at fleirtalet på Stortinget ser ut som det gjer i denne saka. Det er gledeleg at dei fleste politiske parti i Noreg tar inn over seg behovet for å ta vare på dei destinasjonane som tar imot mange turistar, særleg dei som har få innbyggarar, seier Astrid Bergmål, leiar i Virke Reiseliv.

Ulike modellar

Både Venstre, Sp, SV og KrF har uttrykt at dei er positive til former for turistskatt.

Venstres landsmøte vedtok nyleg at partiet vil legge til rette for at kommunar som ønsker det, kan innføre turistskatt.

Geir Pollestad (Sp) sa i desember at han var positiv til å greie ut ein nasjonal modell for turistskatt, men partiet vil då samtidig redusere momsen for reiselivet frå 12 til 10 prosent.

Virke meiner det er viktig at det blir sett nøye på kva for modellar for innkreving som vil vere gode.

– Vi meiner eit reiselivsbidrag ikkje kan leggast berre på éin aktør, som til dømes berre på hotella, som allereie har fått auka moms under denne regjeringa, seier Bergmål.

Amsterdam

Virke er òg opptatt av at pengane som kjem inn må øyremerkast til fellesgode som det er behov for fordi mange turistar besøkjer destinasjonen.

– Eit reiselivsbidrag må ikkje ende opp i kommunekassa. Eg er derfor glad for at Ap har presisert at dei opnar for eit bidrag, ikkje ein tradisjonell skatt eller avgift.

I Bergen har byrådsleiarkandidat Roger Valhammer (Ap) foreslått at Bergen innfører skatt på cruiseturistar etter modell frå Amsterdam, skreiv Bergensavisen nyleg. I Amsterdam må cruiseoperatørar betale 8 euro per døgn per turist.

Stortinget vedtok i fjor å ikkje innføre ein nasjonal turistskatt, men opna for at regionar og kommunar kunne innføre lokale ordningar.

Fleire kommunar, mellom anna i Lofoten, ønsker å nytte seg av denne moglegheita. Destinasjon Lofoten har tatt sterkt til orde for behovet for ein turistskatt. NHO Reiseliv meiner på si side at kommunane sjølv må ta belastinga.

Artikkeltags