Vil gi to millionar til dagsturhytter i heile Vestland

Dagsturhytte i Eid kommune i Sogn og Fjordane på Naustdalskamben.

Dagsturhytte i Eid kommune i Sogn og Fjordane på Naustdalskamben.

Samarbeidspartia ynskjer å styrkje friluftslivspolitikken og set av 2 millionar til å byggje fleire dagsturhytter i Vestland i budsjettet som blei lagt fram denne veka.

DEL

Dagsturhytteprosjektet vart utvikla i Sogn og Fjordane som eit lågterskeltilbod for å få fleire turgåarar og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga/Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane. Den fyrste dagsturhytta vart opna i Gloppen i desember 2018, og dei fleste kommune i Sogn og Fjordane har no ei dagsturhytte på plass.

-Ved å løyve ytterlegare 2 millionar til dagsturhytteprosjektet vil det vere mogleg å byggje fleire dagsturhytter i Vestland. Satsinga på dagsturhytter er eit resultat av ynskjet om å få fleire i fysisk aktivitet, seier fylkestingsrepresentant Alexander Fosse Andersen (Sp) i ei pressemelding.

Dagsturhyttene har raskt vorte populære turmål. Hyttene inneheld òg eit nynorsk turbibliotek med barnelitteratur. Fylkestinget i Hordaland vedtok i juni 2019 å løye 2 millionar til eit dagsturhytteprosjekt i Hordaland.

30. august 2019 vedtok fylkesutvalet i Hordaland finansieringsplan for dagsturhytteprosjektet i Hordaland, organisering og framdriftsplan. Kommunane vel sjølv om dei vil ta mot ei dagsturhytte og må sjølv bidra med 367 000, men ein kan få MVA-kompensasjon.

Det fylkeskommunale bidraget frå juni 2019 held i fyrste omgang til 10 dagsturhytter.

- Friluftsliv er lågterskeltilbod som bidreg til betre folkehelse. Dagsturhyttene er gode turmål og møteplassar som får fleire i alle aldrar ut på tur. For Senterpartiet og samarbeidspartia er etablering av dagsturhytter i heile Vestland eit viktig tiltak for ein aktiv friluftslivspolitikk i det nye fylket, avsluttar Alexander Fosse Andersen.

Artikkeltags