Trolltunga kan få tursti av saueull

Trolltunga. Arkivfoto: Synnøve Nyheim.

Trolltunga. Arkivfoto: Synnøve Nyheim.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ein eldgammal teknikk med å bruka saueull til å byggja turstiar i sårbar natur blir no testa ut i Buerdalen. Etterpå vurderer Hordaland fylkeskommune å bruka teknikken på stien til Trolltunga.

DEL

- Metoden er effektiv i blautt terreng sidan små sediment festar seg i ulla og hindrar grus i å forsvinna ned i myra. Over tid blir underlaget hardt og godt eigna som underlag for turgåarar, seier seniorrådgjevar Marta Dixon Rongved i Hordaland fylkeskommune i ein omtale på nettsidene til fylkeskommunen.

Ho representerer fylkeskommunen i eit EU-prosjekt om ferdsel i sårbar natur. Forsøket med å laga turstiar med saueull er ein del av dette prosjektet.

Teknikken som har røter heilt tilbake til det gamle romarriket, er tidlegare prøvd ut i Nord-Irland med gode resultat. No deler nord-irske turbyggjarar røynslene sine med folk i Hordaland.

I eit avgrensa område ved Buerbreen skal det no testast ut tre ulike teknikkar for å byggja turstiar med saueull. Deretter ønskjer Hordaland fylkeskommune å bruka teknikken på turstien til Trolltunga som sitt bidrag i EU-prosjektet Ascent.

Det blir peikt på at slitasjen på turstien til den kjende fjellformasjonen har auka dramatisk dei seinare åra på grunn av aukande tilstrøyminga av turistar. Ved å bruka ull som byggjemateriale håpar Hordaland fylkeskommune å leggja til rette for meir berekraftig ferdsel.

Det blir også peikt på at metoden kan gje auka verdiskaping for sauebønder sidan restulla som blir brukt er lite eigna til å strikka eller andre ting.

Å bruka ull til stibygging blir også trekt fram som eit meir miljøvennleg alternativ enn til dømes å bruka syntetisk duk for å hindra at turstiane sig saman.

(©NPK)

Artikkeltags