Denne turisten var heldig og fann redningshytta i mørket: – Ein skal ikkje la gjestane sine bli utsett for ei slik oppleving

Indaren på bildet, var ein som Trolltunga Active si guida gruppe møtte på retur frå Trolltunga onsdag.

Indaren på bildet, var ein som Trolltunga Active si guida gruppe møtte på retur frå Trolltunga onsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det seier dagleg leiar i Trolltunga Active, Jostein Soldal. Han meiner folk som leiger ut til turistar har eit ansvar for å sørga for at dei er førebudde til tur i fjellet.

DEL

Den siste veka har det vore fleire redningsaksjonar, og Soldal fortel at fjellvakta på Floren har hatt travle dagar og netter med å hjelpa våte og forfrosne turistar.

Indaren på bildet, var ein som Trolltunga Active si guida gruppe møtte på retur frå Trolltunga onsdag. Før turen hadde han overnatta i Odda eller Tyssedal, og vêrmeldinga for dagen var 20–30 mm nedbør, fem grader og stiv kuling. Natt til onsdag kom den første snøen.

– Han hadde starta seint, og var på Trolltunga i sjutida på kvelden. Klokka åtte var det mørkt. Han hadde vore heldig og funne redningshytta på Floren i mørket, og overnatta der gjennom natta, seier Soldal.

Det var ei kald natt, men hytta var utstyrt med ullteppe, og han hadde hatt det greitt. Om morgonen kom han til fjellvakta og fekk varm solbærtoddi og ekstra klede.

– Han kom seg til hyttefeltet på Topp, og fekk skyss med shuttlebussen ned til Skjeggedal.

Seinare same dag måtte fem personar bli berga ned.

Trolltunga Active sin eventyrlege vekst: Omsette for nær 11 millionar i fjor

Camilla Reide Rise er ny sjef på Trolltunga Hotel: – Odda kjem til å vekse som reisemål 

«Idiotiske» turistar

– Alt dette viser at tiltaka som er satt i gong med guida turar, redningshytte, fjellvakt og shuttlebuss gjer fjellet tryggare for Trolltungaturistane. Og i siste instans kjem naudetatane og Røde Kors, seier Soldal.

Likevel meiner han dei fleste aksjonane kunne vore unngått med betre informasjon i forkant.

– Ein gjengangar når ein snakkar med turistar som har vore til Trolltunga er praten om dei «idiotiske» turistane dei har møtt på fjellet med feil klede. Desse «idiotiske» turistane bur og overnattar i Odda og Hardanger. Og det ligg eit ansvar hjå utleigar som har desse turistane buande til å sørga for at gjestane er godt førebudde til turen, og at dei kjem trygt tilbake, seier Soldal.

Den offisielle sesongen for Trolltunga er slutt 15. september. Etter dette er det anbefalt å gå med guide.

– Hausten kan vera ei fantastisk tid for å gå i fjellet, men det kan og vera ei tid der ein ikkje overlev ei natt ute. Temperaturar ned mot null grader, regn, storm, kortare dagar med dagslys – det er ikkje mange som frivillig ville ha lege ute under slike forhold. Og då skal ein heller ikkje la gjestane sine bli utsett for ei slik oppleving, seier Soldal.

Trolltunga Active seier til sine gjester at om dei skal til Trolltunga no så skal dei ha erfaring med å gå i den norske fjellheimen om vinteren, og ha klede, mat og utstyr til å overnatte ute i fall det blir dårleg ver eller det skjer ei ulykke med dei.

– Om dei ikkje svarer ja på desse krava skal dei ikkje gå turen, eller så skal dei gå ein guida tur, seier han.

Han meiner også utleigarar bør ha informasjon til gjestane, samt utleige av vindjakker, sko og poncho.

– Dette er enkle og billige tiltak, som vil gjera opplevinga til turistane både betre og tryggare, seier han.

Artikkeltags