Bil av vegen - større skader på bilen

Politiet melder måndag morgon at ein bil har køyrt av vegen utanfor Folgefonntunnelen.

DEL

Trafikkuhellet skjedde på Austrepollen-sida av tunnelen.

– Ein bil har køyrt av vegen. Ingen personskadar og ingen trafikale problem på staden, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Dei melder vidare at det er større skader på bilen. Det er ikkje mistanke om ruskøyring.

- Bilbergar har fjerna bilen. Det skal framleis ver glatt i området, men VTS har støbil på veg, skriv dei litt etter klokka ni måndag morgon.

- Klink is

Politioverbetjent Svein Buer seier til HF at uhellet skjedde ved brua ein kjem til etter tunnelen.

- Der var det klink is i vegen, seier han.

Han legg til at no har det begynt å bli kaldare, og at folk må passa på på morgonane.

- Vi har enkelte plassar som går igjen, dette er ein av dei. Så har vi og vegen ved Låtefoss og vidare opp igjennom dalen. Ein må vera forsiktig, seier han.

Artikkeltags