Statkraft har fått løyve til elfiske

DEL

Statkraft Energi AS får løyve til å fiska med elektrisk fiskeapparat i eigne regulerte vassdrag i Hardanger og Sunnhordland. Løyvet er gjeve med heimel i lakse- og innlandsfiskelova og er vurdert etter naturmangfaldlova.

Løyvet gjeld ut 2020, og på følgjande vilkår: 1. Grunneigarar/fiskerettshavarar skal orienterast om fisket. 2. Løyvet skal vera med under fisket. 3. Utstyr skal desinfiserast før bruk i nytt vassdrag.

Løyvet gjeld for fiske Statkraft Energi AS gjennomfører for å oppfylla pålegg.

I pålegga frå Fylkesmannen er det opna for oppfylling ved bruk av villfisk. Det er difor aktuelt for Statkraft å fanga inn villfisk for flytting. Fisk vert fanga i live, og uttaket av villfisk for flytting er avgrensa.

Vassdrag der villfisk vert henta frå har god rekruttering, og uttaket vil ikkje påverke stamma nemneverdig. Vi kan ikkje sjå at dette fisket vil føra til vesentlege økologiske endringar i vassdraga. Samla belastninga på økosystemet vert vurdert som ikkje nemneverdig, skriv Fylkesmannen i brev til Statkraft Energi.

Artikkeltags