Tilsette i Vegvesenet blir truga på jobb

Pressefoto - vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Pressefoto - vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Foto:

Av

Å jobba i Vegvesenet er ikkje risikofritt. I møte med publikum opplever tilsette jamleg at folk blir aggressive og at dei bli truga for jobben dei utfører.

DEL

Frå 2015 til november 2018 har tilsette i etaten til saman fått 665 truslar på jobb, fortel Statens vegvesen i ei pressemelding.

Tilsette som arbeider i skranken på trafikkstasjonane, er blant dei som er mest utsette. Heile 359 av trugsmåla på dei tre åra har vore retta mot dei.

Frå utskjelling til grove truslar

Truslane spenner frå utskjelling og trakassering til truslar om juling og grov vald. Andre blir kontakta på ubehageleg vis på mobil eller sosiale media, heiter det. Truslar på Facebook er ifylgje Vegvesenet ein gjengangar.

Sensorane på førarprøvane er også blant dei som får gjennomgå. 232 av truslane i treårsperioden er knytt til førarprøven. Tilsette som arbeider i utekontrollen, hallkontrollar og på svartelefonar er også utsette, fortel Vegvesenet.

Vegdirektøren varslar tiltak

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen er opprørt over at tilsette i Vegvesenet blir utsette for trugslar om vald på jobben.

– Eg aksepterer ikkje at våre tilsette skal trugast med vald og juling på jobben, slår vegdirektøren fast.

Han seier ingen i Vegvesenet skal kjenna seg utrygge verken på jobb eller fritida, på grunn av jobben sin.

Vegdirektøren har forståing for at folk kan vera ueinige i regelverket Vegvesenet er sett til å forvalte og at det kan skapa reaksjonar, men slår fast at det er nulltoleranse for vald.

– Truslar, hets og mobbing kan ikkje tolererast. Vi melder alle grove hendingar til politiet, seier han.

Ein gjennomgang Vegvesenet har gjort viser at talet på trusselsaker minkar. Vegdirektøren seier likevel at alle trusselsaker er ei for mykje. Han varslar no konkrete tiltak for å støtta medarbeidarane til Vegvesenet.

(©NPK)

Artikkeltags