Status for fjellovergangane

DEL

Like før klokka 15 søndag vert det meld om fri ferdsle på E134 over Haukelifjell.

Klokka 17 søndag er det kolonnekøyring med styrt trafikkavvikling på Rv. 7 over Hardangervidda.

«Alle biler som venter i køen får være med over fjellet», heiter det i oppdateringa på Twitter.

Uvêr

«Snø- og isdekke. Klokken 14:45 var det -3 grader, laber bris, skyet og middels snøbyger», skreiv Vegtrafikksentralen på Twitter om Haukeli.

Klokka 9.30 søndag melde Statens vegvesen at det var kolonnekjøring grunna uvêr mellom Liamyrane bom og Vågslidtunnelen på strekninga Haukelifjell.

Sjekk oppdaterte vegmeldingar her.

Rv. 7 over Hardangervidda var søndag føremiddag stengt grunna uvêr. 

Artikkeltags