Sp foreslår 10 millionar til språkdelt ungdomsskule

Leiari Noregs mållag, Magne Aasbrenn (arkivfoto)

Leiari Noregs mållag, Magne Aasbrenn (arkivfoto) Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Senterpartiet (Sp) set av 10 millionar kroner til språkdelt ungdomsskule i sitt alternativ til statsbudsjett.

DEL

Ordninga vil gjera at nynorskelevar får rett til å gå i eigen nynorskklasse i ungdomsskulen. I dag stansar denne ordninga etter 7. klasse i barneskulen.

Skuffa etter manglande satsing på språkdelt ungdomsskule 

– Det er svært bra at Senterpartiet løftar fram denne saka. Om det blir innført, vil språkdelt ungdomsskule gi nynorskelevane eit samanhengande opplæringsløp på eiga målform ut grunnskulen, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

Han meiner at nynorskelevar gjennom denne ordninga får solide språklege ferdigheiter og utviklar ein språkleg identitet som gjer at dei ikkje byter målform seinare.

– Dette vil dermed auka sjansen for at dei brukar nynorsk i den vidaregåande skulen og seinare i livet. På sikt vil eit slikt tiltak bidra til å styrka nynorsk skriftspråk og skriftkultur, seier Aasbrenn.

(©NPK)

Artikkeltags