Gå til sidens hovedinnhold

Veit framleis ikkje kvar CWD kjem frå

Artikkelen er over 2 år gammel

Eit podingsforsøk viser at skrantesjuka (CWD) som er funne i Noreg ikkje er identisk med den som er påvist i Nord-Amerika.

«Med denne nye kunnskapen er det lite som støtter tidlige spekulasjoner om at skrantesjuke i Nordfjella kommer fra Nord-Amerika. Hvordan det har dukket opp i Norge har vi ikke faglig grunnlag for å uttale oss om i dag», opplyser CWD-koordinator Jørn Våge ved Veterinærinstituttet.

På deira heimesider vert det vist til at dei første testane som vart nytta for å undersøka smitte ikkje kunne skilja norske funn frå dei amerikanske, men at nye analysar viser forskjellar.

Les og: Mattilsynet vil ha betre dialog om CWD-prøvar

Ein veit at sjukdommen har lang inkubasjonstid, og det er difor vanskeleg å sjå attende og finna ting som fellesnemnaren for dei dyra som vart sjuke.

Smittestoffet finn ein i mange ulike vev, spytt og avføring. Reinen i Nordfjella vart tatt ut etter funn av CWD.

Vidare vert det forklart at ein nyttar smågnagarar som forsøksdyr. Desse vert smitta med materiale frå sjuke dyr, som til dømes villrein, og om musa vert sjuk kan det seia noko om prionsjukdommen.

«Forsøkene tar gjerne 1-2 år. Disse begynner nå å vise typeforskjeller på skrantesjuke, der man tidligere sa at funn på villrein i Norge ikke kunne skilles fra nordamerikanske», heiter det på www.vetinst.no.

Kommentarer til denne saken