Duka for Reinsnosvatnet rundt

Reinsnosvatnet rundt: Søndag er det duka for turen rundt Reinsnosvatnet att. Arkivfoto

Reinsnosvatnet rundt: Søndag er det duka for turen rundt Reinsnosvatnet att. Arkivfoto

Denne helga vert Reinsnosvatnet rundt arrangert att. Det vart starta opp i fjor, med eit mål om å få fleire ut i terrenget.

DEL

Siste: Arrangøren har på grunn av dårleg vêrmelding bestemt seg for å flytta arrangementet til søndag 18. august.

Mariann Nordstoga Berge og Ranveig Vårdal Olsson er drivjerna bak arrangementet, med Skare IL i ryggen.

Ruta er på om lag 15,5 kilometer, men alle vel sjølve kor langt dei vil gå.

– Påmeldinga var betre i fjor. Kanskje folk ventar med påmeldinga med tanke på vêret, seier Mariann Nordstoga Berge.

Ho fortel at målet er å ha Reinsnosvatnet rundt som ein årleg tradisjon, men at dette krev at folk stiller opp.

– Folk var veldig positive til denne ideen i fjor, og då var det ein del som ikkje hadde anledning til å vere med.

Premiar og grilling

I fjor opna dei opp gamle turstiar, og både kvista og merka, slik at folk kan byrje å nytte dei att.

Òg i år har dei merka opp ein ny sti, mellom Ljosavatnet og Halsen. Då kan ein nytte seg av stien i staden for å gå grusvegen tilbake til parkeringa.

– Turen startar mellom klokka 09 og 11, og ein skal vere tilbake til klokka 17, seier Berge.

Ho opplyser at det er lagt til rette for familiar, og at ein kan velje å berre gå litt av turen.

Etterpå vert det utdeling av premiar ved trekking av startnummer, og grilling på parkeringa.

Artikkeltags