Kaffidrøs for innflyttarar

Innflyttar: Siv Hamstad Haukelidseter er sjølv innflyttar.

Innflyttar: Siv Hamstad Haukelidseter er sjølv innflyttar.

Av
DEL

9. april vert det invitert til ein kaffikopp og ein hyggeleg prat i Grannatun på Sekse. Invitasjonen går særskild til innflyttarar i krinsen, men møtet er ope for alle.

– Dei færraste av oss har budd her heile livet. Me har anten komen hit som tilflyttarar frå nabokommunar, frå andre plassar i landet eller utlandet, eller me har flytta tilbake hit etter å ha studert eller jobba andre stader, heiter det i invitasjonen.

Bakgrunnen for invitasjonen er ønsket om å få folk til å bu i området. Initiativet kom etter at formannskapet i fjor såg på samanhengen mellom god kommuneøkonomi og høgt innbyggjartal, og politikarane skal sjølve ta tak i eigne krinsar.

For indre austsida er det dermed Siv Hamstad Haukelidsæter og Petter Sexe Ulriksen som saman med lokale innflyttarar har send ut invitasjonar. Dei vil mellom anna gi informasjon om kva ulike aktivitetar og tilbod som er i bygdene i krinsen.

Artikkeltags