Statens vegvesen ber folk vere forsiktige i påsketrafikken

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det er venta stor trafikk både på bakken og i lufta i påska. Statens vegvesen ber folk om å vere forsiktige.

DEL

Mykje skiftande vêr, snø og is er vêrforhold som kan gjere det krevjande å køyre denne påsken, åtvarar Statens vegvesen.

– Senk farten, følg køen og dropp farlege forbikøyringar. Du sparer lite tid på å ta store sjansar i trafikken, men utset både deg og andre for fare, er oppfordringa frå vegdirektør Terje Moe Gustavsens.

Reis tidleg

Statens vegvesen ventar særleg stor trafikk fredag og laurdag i palmehelga, og onsdag før skjærtorsdag. I tillegg blir første og andre påskedag travle.

Trygg Trafikk rår folk å reise tidleg på morgonen, gjerne så tidleg som klokka 06.00. Då er det langt mindre trafikk enn seinare på dagen, og mindre risiko for kø. Organisasjonen ber likevel folk om å vere påpasselege med alkoholinntaket.

– Veldig mange tenkjer at dei skal tidleg av garde 1. eller 2. påskedag for å unngå den verste køen. Tanken er god, men unngå å drikke alkohol kvelden i førevegen før avreise, seier Jan Johansen, direktør for Trygg Trafikk, i ei pressemelding.

I fjor var det 66 ulykker med personskadar, derav éi dødsulykke, i påska, og vegvesenet ber folk om å huske bilbelte.

Statens vegvesen ber i tillegg folk om å sikre lause gjenstandar i bilen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken