Vil ha påbod om vinterdekk

:illustrasjonsfoto

:illustrasjonsfoto

Av

Mange køyrer med sommardekk på vinterstid. Tryg Forsikring ønskjer no eit påbod om vinterdekk i vintermånadane.

DEL

– Vi ønskjer eit påbod om bruk av piggdekk eller piggfrie vinterdekk i vintermånadane i Noreg. Det er ikkje lenger nok at bilisten sjølv kan velje dekk. Med eit påbod bør også strafferamma for å køyre på sommardekk på vinterføre auke i form av høgare bøter, prikkbelastning og lågare toleranse for å inndra førarkortet på staden, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring, i ei pressemelding.

Ei fersk spørjeundersøking YouGov har gjennomført for Tryg Forsikring viser at vel 364.000 personbilar køyrer på vinterdekk som er fem år eller eldre. Tryg ønskjer difor òg å auke mønsterdjupna på vinterdekka.

– Vi ønskjer at myndigheitene aukar minimumsgrensa for mønsterdjupn på vinterdekk frå 3 til 4 millimeter. Det vil kunne bidra til at fleire vel å byte ut gamle vinterdekk med nyare, seier Brandeggen.

Artikkeltags