No skal vegarbeidet her gjerast på kvelden og natta

Vegarbeid: No skal arbeidet på vegstrekket "Kråkevikparsellen" i Ullensvang gå føre seg på kvelden og natta.

Vegarbeid: No skal arbeidet på vegstrekket "Kråkevikparsellen" i Ullensvang gå føre seg på kvelden og natta. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

For å kunne bruke meir tid på arbeid og mindre tid på flytting av store maskiner inn og ut av posisjon, blir vegarbeidet ved Kråkevikparsellen flytta til kveld og natt frå 10. til 22. mars.

DEL

– No skal vi starte med boltearbeid. Det krev mange store maskiner. Då blir det ikkje mykje tid til faktisk jobbing, men nesten berre flytting, dersom det er stengingar på 20 minutt om gangen. Difor har vi snakka med entreprenøren og blitt einige om nye arbeidstider i tida som kjem, frå klokka 19 om kvelden til fem om morgonen, seier Svein Erik Sandal.

Han er Statens vegvesen sin byggeleiar for utbetringa av vegen mellom Aga og Nå langs fylkesveg 550 i Ullensvang, som vart starta opp i slutten av februar. I samband med arbeidet har det hittil vore stengt på strekninga i inntil tjue minutt av gangen. Etter planen skal arbeidet gå føre seg fram til 1. juli, og truleg og til hausten.

– I tida framover no vil vi halde fram med stengingar på inntil 20 minutt fram til klokka 23. Så blir det stengt i inntil to timar på natta, med faste opningar mellom klokka 01.30-0140 og 03.30-03.40, seier Sandal.

Han legg til at dei og framover ønsker å sleppe bilar gjennom oftare enn ved maks ventetid, og at det difor kan bli opna ein gang i timen om det er mogleg.

– Vi har og sjølvsagt vore i kontakt med heradet og naudetatane. Dei får det nye vedtaket, og ved utrykking vil naudetatane sjølvsagt sleppe gjennom, konstaterer Sandal.

Går etter planen

Bakgrunnen for utbetringa av det smale vegstrekket er ein trafikksikkerheitsrapport. Sandal har tidlegare fortalt til HF at den vil gå føre seg gjennom punktvis oppgradering av alt frå vegbreidde til siktlinjer, nedhogging av skog og utbetring av rekkverk og mur.

– Det blir ikkje ny veg med gul midtstripe, men vegen vil bli noko breiare nokre plassar. I tillegg er det ting rundt vegen som skal utbetrast, mellom anna drenering, sa Sandal til HF då arbeidet starta.

No fortel han at arbeidet med vegen hittil har gått etter planen.

– Det er nokre utfordringar med terrenget, som gjer at vi må bolte no. Den aller største utfordringa er at det er smalt, men alt dette visste vi om på førehand. Så arbeidet går absolutt etter planen, seier Sandal.

Artikkeltags