Stengte vegar

DEL

Søndag morgon opplyser Statens vegvesen at det er meld om mykje vatn i vegbana mange stader på Vestlandet.

- Skal du ut å køyre i dag så kan det vere lurt å ta ein ekstra kikk på vêrmeldinga, og følgje med på trafikkmeldingar på 175.no, oppmodar trafikkoperatør på Vegtrafikksentralen, Tore Tysse.

Rett før klokka 07.00 søndag morgon opna E16 mellom Bergen og Voss. Her er det manuell dirigering og leiebil.

Vegen kan blir stengd på kort varsel, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Her er ein status på andre vegar kl. 08.30 søndag morgon:

Fv. 7 mellom Granvin og Kvanndal: Stengd på grunn av fare for ras. Her er det mykje stein i vegbana. Ny vurdering kl. 10.00.

Fv. 550 Bjotveit, på strekningen Tørvikbygd – Odda: Stengd på grunn av jordras. Opprydding pågår.

Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Fergesambandet er har vore innstilt, men er i drift igjen. Må forseinkingar må påreknast.

Fv. 103 Eidfjordelv bru, på strekninga Eidfjord – Simadal: Stengd på grunn av steinras.

Fv. 188 Nedre Sædal, på strekningen Nattlandsfjellet - Nedre Sædal: Stengd på grunn av flaum.

Fv. 314 Bergsdalen, på strekninga Dale – Bulken: Stengd på grunn av jordras.


Artikkeltags