Stengjer riksveg i helga

Rv. 13 ved Teigen og Skjevvik vert stengt i helga.

Rv. 13 ved Teigen og Skjevvik vert stengt i helga. Foto:

Natt til laurdag stengjer Riksveg 13 ved Skjelvik i Ullensvang. Vegen opnar ikkje att før søndag.

DEL

– Stengt på grunn av vegarbeid. Anbefalt omkøyring via Fv 550 og Fv 79, melder Statens vegvesen.

I meldinga, som er lagt ut på vegvesenet sine heimesider, presiserer dei at omkøyringa inkluderer ferja, og at desse sluttar å gå tidleg på kveldane. Rv. 13 vert altså stengt ved Skjelvik klokka 23:45 fredag, og skal etter planen opna søndag klokka 7.

Vegarbeidet finn stad ved Teigen, nord for Skarvabjørgtunnelen, der HF torsdag melde at det skal koma ein ny mur på nedsida av vegen. Det dreier seg om mellom 30 og 40 meter.

På begge sider er det rasfarleg, og Mesta har kome fram til at dei ikkje vil ha lysregulering av trafikken på denne staden.

Artikkeltags