Må bygge veg til søyla

Synfaring: Onsdag 31 oktober.Foto: Eivind Dahle Sjåstad

Synfaring: Onsdag 31 oktober.Foto: Eivind Dahle Sjåstad

Statens vegvesen må bygge ein veg fram til den skadde brusøyla på rv. 13 i Odda sentrum. Onsdag var dei på synfaring med NVE.

DEL

– Vi kan framleis ikkje seie noko meir om skadeomfanget på brua eller når den vil vere ferdig reparert, seier byggeleiar Melake Gebremichael til HF torsdag.

Onsdag var vegvesenet på synfaring med NVE i elva.

– Vi informerte dei om at vi må lage ein anleggsveg for å kome oss fram til søyla, og fekk beskjed om at det må meldast, men det skal ikkje vere vanskeleg å få løyve. Så det vil vi jobbe med framover, seier han.

Artikkeltags