- Hald deg heime om du ikkje må ut å køyre

Slik så det ut på Dyranut på Hardangervidda klokken 1145 søndag. Skjermdump fra Statens vegvesens webkamera.

Slik så det ut på Dyranut på Hardangervidda klokken 1145 søndag. Skjermdump fra Statens vegvesens webkamera.

DEL

Det har vore ein travel søndag morgon på Vegtrafikksentralen med flaum og ras fleire stadar på Vestlandet.

- Det er meld aukande nedbør utover dagen, så hald deg heime om du ikkje må ut å køyre, seier vegavdelingsdirektør Svenn Egil Finden i ei pressemelding.

Vest politidistrikt melder om trafikkale utfordringar ved Dyranut.

"Rundt klokken ti fikk vi melding om at to biler med sommerdekk hadde fått problemer ved Dyranut på Hardangervidda. En bil havnet i grøften og en satt seg fast", seieroperasjonsleder i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund, til BA.

Status på vegane kl. 13.00:


Fv. 7 Kvanndal – Gravin: Open


Fv. 103 Eidfjordelv bru, på strekninga Eidfjord – Simadal: Opna kl. 13.00


Fv. 550 Bjotveit: Opna kl. 12.00

Artikkeltags